PRESSEMELDING

Sunnfjord Restaurantdrift AS melder oppbod – drifta ved Pikant mat- og vinhus vert avvikla

Førde, tysdag 13. januar 2026

Styret i Sunnfjord Restaurantdrift AS har i dag levert oppbod til tingretten. Som følgje av dette vert drifta ved Pikant mat- og vinhus no avvikla.

– Dette er ei tung avgjerd. Eigarane og vi i styret er lei oss for at dette råkar våre dyktige tilsette, våre trufaste leverandørar og ikkje minst alle gjestene som har støtta oss gjennom dei fem åra vi har vore i drift, seier styreleiar Aud Slettehaug.

Selskapet har over tid arbeidd med tiltak for å sikre vidare drift, og eigarane har ved fleire høve tilført ekstra kapital. Trass i stor innsats har verksemda ikkje klart å oppnå tilstrekkeleg lønsemd til å halde fram med forsvarleg drift. Oppstarten i 2020 vart krevjande, mellom anna som følgje av pandemien og etterverknadene av denne, og som følgje av svært langvarig anleggsarbeid i gata. Selskapet har dessverre ikkje klart å ta igjen underskotet.

Med helsing
Styret i Sunnfjord Restaurantdrift AS
ved Aud Slettehaug, Roger Vikum og Dag Arve Savland