Meny

Pikant smak av Sunnfjord

Ulike høve treng ulike menyar. Alle med kortreiste råvarer frå lokale leverandørar.

3- eller 5-rettars Aftan ved Jølstra, eller à la carte frå Pikantmenyen frå onsdag til laurdag. Har du allergiar, eller er vegetarianar eller veganar, så lagar vi eit måltid som passar for deg, også på fleirrettaren. Berre hugs å gje oss beskjed så snart du kan.

Vi har også mange alternativ til å ete i restauranten; vi tilbyr catering, ta med kokken heim, osv. Sjekk ut: Våre andre tilbod og Bedriftstilbod. Vil du utsetje gleda, eller overraske andre? Bestill eit gåvekort og få tilsendt på epost. Hjarteleg velkomen, håpar det smakar!