Om Pikant
Frå elvane og fjorden, frå hagar, skog og fjell. Sunnfjord bognar av godsaker! Vår kjøkkensjef, Thomas Holme Smådal, set det lokale landbruket høgt. Med kjøkkensjefen som kjentmann inviterer vi deg med på ei smaksreise gjennom fjordane og fruktbygdene i distriktet. På jakt etter dei beste råvarene tek han gjerne den kortaste vegen, men sjeldan den breiaste. I våre menyar får du slå fylgje innover i dalen, bortover stien, oppover fjellråsa. Smaken av Sunnfjord er Pikant, hjå oss.
«Sunnfjord er ein stor jordbrukskommune, vi vil vere med å ta eit ansvar for å syne fram det næringa har å tilby. Vi skal samarbeide med lokale bønder og produsentar både i Sunnfjord og elles i regionen. Vi haustar i sesong og let smakskartet fylgje årstidene. Somme råvarer kjem nyplukka på fatet, andre har fått tid på seg til å syne deg dei beste sidene ved seg sjølv. Om råvarene er lokale, kan inspirasjonen godt vere både nordisk og internasjonal.
Skaparkraft og prislønt handverk ligg lagra på ølfata vi hentar frå Kinn bryggeri. Kvernafossen og Skifjorden er også representerte i drikkemenyen. I fruktbygdene kring oss lagar dei leskande drikke så gode at det gjev deg ei kjensle av å drikke eplet rett frå greina.
Då eg var liten fekk eg sitje på kjøkkenbenken når besta safta og sylta. Eg kjem nok til å hente fram saftkokaren som kjøkkensjef også.
Frå barndommen hugsar eg fargar, lukter og smakar frå matlaginga heime. Eg har minna med meg kvar gong eg set saman ein ny meny. Velkomne heim – velkomne til Pikant.»
Thomas Holme Smådal, Kjøkkensjef
Driftsselskapet
Pikant mat- og vinhus er eigd og blir drive av Sunnfjord Restaurantdrift AS.
Du når oss på telefon 90 68 40 10 epost: post@pikant.no.
Adresse: Sunnfjord Restaurantdrift AS, Pikant mat- og vinhus, Hafstadvegen 31a, 6800 Førde.
Jobb hos oss?
Ønskjer du å jobbe hos oss? Det hadde vore stas! Sjå om du finn ei høveleg stilling og send oss nokre ord.