Restauranten

Jølstra er ved vegs ende. Fjorden ventar. No breier ho seg ut og let deg kvile i synet av det rennande vatnet som aldri er det same. Ved elvekanten serverer vi lunsj frå Pikant-menyen alle kvardagar og laurdag. Kjem du til kveldssetet, kan du velje mellom Pikant-menyen eller Aftan ved Jølstra.

>> Sjå menyane for mat

Pikant bar

Iskald Kinn, Kvernafossen og Skifjorden. Tappekranane er kopla til heile fjorten ulike fat frå lokale, prislønte bryggeri i Pikant bar. Bareksten leverer edle dråpar til øvste hylla. I vinkartet ventar heile den vide, vedunderlege vinverda. Kva med ein sulig smaksplanke att åt? Slapp av, smak, nyt! Er vêret bra er det flott å sitje på verandaen.

Verandaen

Frå verandaen utanfor Pikant bar kan du sjå sola stige opp over Viefjellet og Eikåsnipa. Sjå kor ho fylgjer ryggen langs Hafstadfjellet, klyv over Halbrendsdnipa og Førdsnipa før ho kler seg i den raude kveldskjolen til solegla i Naustdalsfjella. Midt i byen sit du midt mellom fjella. Unn deg ei utandørs smaksoppleving, slå av ein prat. Stunda er sytalaus, her ute.

Rådhusplassen

Ein gong drog flaumen brua med seg. Ein annan gong vart ho sprengd sund av isen. Folk samla seg, bygde betre, endå ei ny bru. Langebrua. Om ho kunne fortelje, ville du fått høyre historia om byen vår. Ute på rådhusplassen, ved foten av brua, er du omkransa av Førde si byhistorie. Røys glaset i godt lag på rådhusplassen. Skål og takk, takk for brua, takk for byen.

Gjestespel

Inspirasjon og gleda ved å dele. Vi på Pikant mat- og vinhus ønskjer å invitere kokkevenner til å bruke kjøkkenet vårt og lage nye smaksopplevingar til våre gjester. Gjestespel blir annonsert særskilt på sosiale medium, sjå: facebook.com/pikantmat