Gåvekort på Pikant

Del ei smakfull oppleving på Pikant mat- og vinhus. Kjøp gåvekort på nettet valfritt beløp. Betal med kredittkort.

Det er tre enkle måtar du kan gjere det på:

eller:

  • Kjøp gåvekortet på nett, fyll ut di eiga epostadresse som avsendar og motta epost med den unike gåvekoden. Lag ditt eige kort der du skriv inn koden saman med kjøpsdato og beløp. (Pikant treng minimum koden, kjøpsdato og beløp for å verifisere gåvekortet).

eller:

  • Kom innom oss på Pikant i opningstida og hent flotte ferdigtrykte gåvekort med konvoluttar. Kjøp gåvekortet på nett, fyll ut di eiga epostadressa som avsendar og motta epost med den unike gåvekoden. Koden skriv du inn på kortet saman med kjøpsdato og beløp.

Koden er gyldig i eitt år.

Gåvekorta er perfekte som bursdagsgåve, gåve til tilsette, gåve til samarbeidspartnarar osv.

Viss bestillingssida du kjem til er på engelsk kan du velje norsk språk oppe til høgre: NO.

NB! Enkelte. brukarar har meldt om vanskar med å kjøpe korta på nettet, særleg frå mobil. Vårt råd då er å prøve på nytt i ein annan nettlesar, eller å prøve inkognito-modus/privat nettlesing, slik at ikkje nettlesaren har liggande data frå tidlegare handlingar i minnet.

Bedrifter kan få faktura

Bedrifter som ønskjer å kjøpe fleire enn 10 gåvekort til tilsette eller samarbeidspartnarar kan ta kontakt med oss på epost post@pikant.no.
Skriv kor mange kort de ønskjer og kva som skal vere beløpa. Vi fyller ut kjøpsdato, beløp og kode og leverer eller sender korta til dykk, så kan de sjølve evt. fylle ut namn på mottakar og avsendar. Gje oss også beskjed om kor vi skal sende faktura.