
Torsdag 27. november og laurdag 29. november inviterer vi til ein skikkeleg amerikansk Thanksgiving-middag – varm, tradisjonsrik og laga med dei beste råvarene vi har tilgang på.
Hovudrollen er sjølvsagt kalkun frå Homlagarden, kjent for kvalitet, dyrevelferd og fantastisk smak. Vi serverer måltidet samla, slik det høyrer ein ekte Thanksgiving-feiring til. Med brødpudding, søtpotetgrateng og potetstappe til.
Serveringstidspunkt:
Kl. 16.00
Kl. 19.30
pris kr. 450 per person, vi har barnemeny også.
Torsdag 27 november kan du også få foredraget til Sallie kl. 18.00 – inkludert i mddagen. Berre foredrag kr 100,- Del av utvandrarjubileet Crossing200.
Bordbestilling:
booking@pikant.no
Ta med familie, vener eller kollegaer og nyt ein festmiddag full av gode smakar, lun stemning og amerikansk tradisjon – midt i hjartet av Sunnfjord.
Velkomen til bords!
Foto: Homlagarden



