Tilbod til bedrifter

Gåvekort til tilsette, kundar og partnarar

La dine tilsette eller forretningspartnarar velje sjølve kor tid dei vil ete og kven dei vil ete med.

Kom innom og hent blanke gåvekort med konvoluttar, og kjøp gåvekortkodar på nettet og betal med kredittkort. Eller, få tilsendt faktura, sjå nedanfor.

Få tilsendt faktura og utfylte kort

Bedrifter som ønskjer å kjøpe gåvekort til tilsette eller samarbeidspartnarar, og ønskjer tilsendt faktura, kan ta kontakt med oss på epost gavekort@pikant.no.

Skriv kor mange kort de ønskjer og kva som skal vere beløpa. Vi fyller ut kjøpsdato, beløp og kode og leverer korta til dykk, så kan de sjølve evt. fylle ut namn på mottakar og avsendar. Gje oss også beskjed om kor vi skal sende faktura.

Catering

Kokkane på Pikant mat- og vinhus vil i denne ekstraordinære tida tilby catering frå kjøkkenet vårt. Ikkje alle har høve til å møte opp i restauranten for sosialt lag, og derfor ønskjer vi å tilby mat der du og dine er.

Vi lagar menyar etter ønskje, som kan leverast. Fri frakt inntil 10 km, deretter vil fraktkostnad kome i tillegg.

Bestill hos kjøkkensjef Thomas på ths@pikant.no eller telefon 906 84 010.

«Kokk til sals»

Kva med og få ein av kokkane på Pikant mat- og vinhus heim på kjøkkenet ditt nokre timar? Vi tilbyr oss å ta med «Aftan ved Jølstra» til der du er. Eit menykonsept med lokale råvarer frå tre til seks rettar, frå kr 4.000,-.

Vi blir samde om menyen, kva råvarer vi har tilgjengeleg og gjev nøyaktig pristilbod.

Fri frakt inntil 10 km, deretter vil frakt komme i tillegg,

Bestill hos kjøkkensjef Thomas på ths@pikant.no eller telefon 906 84 010.

– Dyrk laget ditt! (team building)

Ta med deg ditt lag og kollegaer til Pikant mat- og vinhus for sosial aktivitet. De vil få vere med ein kokk og ein servitør i tre til fire timar. I løp av desse timane vert de delt i to grupper, der ein startar på kjøkenet med førebuing av meny, den andre i restauranten med drikkesmaking med servitør.

Halvvegs vil de skifte stasjon, der gruppa på kjøkkenet ferdigstiller ein trerettars meny som avsluttar kvelden hos oss.

Pris kr 10.000 (inkludert mat og drikkesmaking). Maks. 12 personar.
Tid: Måndag eller tysdag, tidspunkt etter eige ynskje.

Bestill hos kjøkkensjef Thomas på ths@pikant.no eller telefon 906 84 010.