Andre tilbod
I Pikant mat- og vinhus er du sjølvsagt hjarteleg velkomen til å bruke basistilboda våre: Få eit godt måltid og drikke i restauranten eller i baren i 2.etasje, eller ting mat å ta med frå Pikantmenyen. Og vi tilpassar sjølvsagt måltida til dine ønskje, også om du har allergiar, eller er vegetarianar eller veganar. Spør, så fiksar vi!
Men i tillegg til dette har vi ei lang rekkje spesialtilbod ved alle slags høve, både for private og bedrifter. Dette kan du lese meir om nedanfor.
Gåvekort
Gåvekorta er perfekte som bursdagsgåve, gåve til tilsette, gåve til samarbeidspartnarar osv. Del ei smakfull oppleving på Pikant mat- og vinhus. Kjøp gåvekort på nettet til valfritt beløp. Betal med kredittkort.
Det er tre enkle måtar du kan gjere det på:
- Kjøp gåvekortet på nettet og send epost med PDF og ein unik gåvekort-kode til mottakar sin epost.
- Kjøp gåvekortet på nett, fyll ut di eiga epostadressa som avsendar og motta epost med den unike gåvekoden. Lag ditt eige kort der du skriv inn koden saman med kjøpsdato og beløp. (Pikant treng minimum koden, kjøpsdato og beløp for å verifisere gåvekortet).
- Kom innom oss på Pikant i opningstida og hent flotte ferdigtrykte gåvekort med konvoluttar. Kjøp gåvekortet på nett, fyll ut di eiga epostadressa som avsendar og motta epost med den unike gåvekoden. Koden skriv du inn på kortet saman med kjøpsdato og beløp.
Koden er gyldig i eitt år.
Viss bestillingssida du kjem til er på engelsk kan du velje norsk språk oppe til høgre: NO.
NB! Enkelte brukarar har meldt om vanskar med å kjøpe korta på nettet, særleg frå mobil. Vårt råd då er å prøve på nytt i ein annan nettlesar, eller å prøve inkognito-modus/privat nettlesing, slik at ikkje nettlesaren har liggande data frå tidlegare handlingar i minnet.
Ta-med-mat (takeaway)
Mange av rettane på Pikant-menyen har blitt så populære at kundane har bede om å få ta dei med heim. No let det seg gjere: Gode rettar til dette er «Brøsen burger» og «Sulig salat».
Sjå menyen og ting «ta-med-mat» (takeaway) på telefon 90 68 40 10 eller send epost til post@pikant.no og vent på stadfesting.
Bedriftstilbod
Gåvekort til tilsette, kundar og partnarar
La dine tilsette eller forretningspartnarar velje sjølve kor tid dei vil ete og kven dei vil ete med.
Kom innom og hent blanke gåvekort med konvoluttar, og kjøp gåvekortkodar på nettet og betal med kredittkort. Eller, få tilsendt faktura, sjå nedanfor.
Bedrifter som ønskjer å kjøpe gåvekort til tilsette eller samarbeidspartnarar, og ønskjer tilsendt faktura, kan ta kontakt med oss på epost gavekort@pikant.no.
Skriv kor mange kort de ønskjer og kva som skal vere beløpa. Vi fyller ut kjøpsdato, beløp og kode og leverer korta til dykk, så kan de sjølve evt. fylle ut namn på mottakar og avsendar. Gje oss også beskjed om kor vi skal sende faktura.